söndag 4 mars 2012

Jubel i Sverige?

Brev til bloggen på norsk landsmål:

Svenskane jublar over den nye tronarvingen. Dette er omtale vi har sett i media i dei siste dagane. Men det er visst ikkje alle svenskar som jublar i desse dagar. Smålandsposten melde den 21.2.12 at over 30 000 somaliske barn er venta til Sverige i dei neste to åra. Dette som følgje av ein dom i ”Migrasjonsoverdomstolen” som inneber at det no skal bli lettare å foreine familiar gjennom DNA- testar.

Debatten om innvandring er blitt fullstendig ”forgifta” i Sverige. Ytringsfridomen der har truleg dei verste kåra i Europa – Aust inkludert, i slike saker. Norge har vel ikkje lege så langt bak svenskane i løypa – også her? Truleg er den svenske nasjonen – saman med monarkiet, på veg mot grava. Så spørst det om ikkje Norge går med i dragsuget?

Magnar A. Bakke

Läs mer: Monarkin som den sista bastionen för vår kristna civilisation